– Først oppdaga me ein mørk dam ved døra. Då eg tok i hengelåsen blei eg klissete på hendene. Så såg kona at det hadde brunne i veggen, fortel Odd Wiik.
Ekteparet oppdaga ugjerninga då dei var ein tur oppom vedhuset sitt ved Takhidler på Maldalsvegen, like ved Kviå-deponiet, laurdag ettermiddag. Sist dei var der var like før påsken starta.
Den mørke dammen ved døra står i sterk kontrast til den elles knusktørre grusen framfor det 6 x 10 meter store raude og svarte vedhuset.
Eit tau ekteparet bruker til å knyta fast døra når ho er open, er truleg dratt ut av vedhuset og sett fyr på.
Små delar av treverket i fronten på vedhuset har tydelege merker etter å ha brunne. På innsida av bygget ligg aske.
Men flammane har ikkje fått skikkeleg tak, og truleg har brannen sløkt av seg sjølv.
Inne i vedhuset er det fullt av ved og anna utstyr.
– Tenk om dette hadde tatt fyr. Og tenk på om det hadde tatt fyr i skogen rundt, seier Wiik opprørt.
Politiet er blitt varsla. Vakthavande patrulje vil føreta åstadsundersøking i dag, søndag.