RYKKA UT: Samtlege naudetatar rykka i dag måndag ut til Birkeland der dei har ei stor øving. (Arkivfoto: Vidar Eliassen)
RYKKA UT: Samtlege naudetatar rykka i dag måndag ut til Birkeland der dei har ei stor øving. (Arkivfoto: Vidar Eliassen)

Berre ei øving

Katastrofe-simulering på Birkeland.

Rundt klokka 16.30 i dag måndag rykka alle naudetatane i Sauda ut i retning Birkeland.

Brannsjef Harald Eikrem opplyser at det ikkje er snakk om ei reell utrykking, men ei øving.

– Dette er ei planlagd øving, så folk kan ta det heilt med ro, seier Eikrem.

Øvinga har ikkje vore varsla i korkje media eller på nettsider, då det heile har vore halde hemmeleg for dei involverte etatane. På denne måten blir situasjonen mest muleg realistisk.