Stavanger universitetssjukehus melder at saudamannen er død.
36-åringen var ein av to menn som blei skadd i ei utforkjøring ved Honganvik natt til onsdag. Bilen dei kjørte kom utanfor bilbanen i ein svak venstresving og krasja inn i ei bergnibbe.
Den hardast skadde, 36-åringen, blei sendt med luftambulanse til Stavanger universitetssjukehus. Den andre mannen i bilen, ein 47-åring, også han frå Sauda, blei sendt til Haukeland sjukehus i Bergen med lettare skadar.
Politiet har nå frigitt namnet på den omkomne saudabuen; Erling Johannes Gundersen.