DØYDDE:  36 år gamle Erling Johannes Gundersen døydde av skadane han fekk i bilulukka i Honganvik natt til onsdag. (Foto: Privat)
DØYDDE: 36 år gamle Erling Johannes Gundersen døydde av skadane han fekk i bilulukka i Honganvik natt til onsdag. (Foto: Privat)

Ber Sauda visa omsorg

Sokneprest Espen Gya oppfordrar saudabuen til å visa styrke og omsorg i sorga over Erling Johannes Gundersen.

– Dette er veldig vondt for dei pårørande. Det er også vondt for heile samfunnet når slike ting skjer på ein så meiningslaus og brutal måte. For alle er dette eit stort sjokk, seier sokneprest Espen Gya.

Nå håpar han at saudabuen igjen viser styrke og gir omtanke til alle dei som stod Erling Johannes Gundersen nær.

– Sauda er eit samfunn der solidaritet står sterkt, spesielt i slike vonde situasjonar som dette. Støtte frå sambygdingar betyr veldig mykje for dei pårørande, minnar soknepresten om.

Dei første meldingane etter ulukka fortalde at 36-åringen var kritisk skadd, men onsdag kveld døydde han av skadane.

Ulukka skjedde i ein slak venstresving i Honganvik i 00.30-tida natt til onsdag. Personbilen med to personar inni fekk hjula på høgresida utanfor vegbanen, og fortsette framover i grøfta før den trefte ei bergnibbe 30-40 meter lenger framme. 47-åringen, som fekk lettare skader i kollisjonen, kom seg ut av bilen på eiga hand, medan 36-åringen sat fast i bilvraket.