Trafikkuhell på Ropeidvegen

Ingen alvorlege personskadar, ifølge politiet.

I 13.00-tida i dag, fredag, fekk politiet melding om ei trafikkulukke på Ropeidvegen.

I området mellom Ropeid og Ås skal ein personbil ha kjørt av vegen og kollidert med eit tre.

– Det er ikkje meldt om alvorlege personskadar, melder politiet på twitter.