*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
TRENG FOLK: I teknisk avdeling har ein kommuneingeniør, ein driftsleiar og kommunalsjefen valt å seia opp stillingane sine. Juul vedgår at kommune har utfordringar med å få nye folk på plass i dei sentrale stillingane. (Foto: Ingvil Bakka)

Tekniske utfordringar

Kommunen må på leiarjakt etter fleire oppseiingar.

– Me har utfordringar på bemanningssida, spesielt på byggområdet. Det største problemet er at me kan risikera ei opphoping av uløyste arbeidsoppgåver, seier rådmann Wictor Juul.

I slutten av mars sa kommunalsjef teknisk, Anders Skaarer, opp stillinga si i Sauda kommune og sluttar i løpet av juni månad. Den nedarlandske kommuneingeniøren Jaquelin Koopman har alt slutta i sin jobb, medan det nyleg blei klart at også driftsleiar Petter Søiland har valt å seia opp jobben sin. Kommuneingeniør Vanessa Venema har fått innvilga permisjon og blir borte eit snautt halvår frå hausten av.

Juul innrømmer at den siste tidas oppseiingar i teknisk avdeling gjer at kommunen nå tar ein grundig gjennomgang av organisasjonen.

– Ingen stor og omveltande omorganisering, men me ser på korleis me organiserer oss og om det er muleg å gjera enkelte ting anleis. Til dømes hadde Skaarer både rolla som kommunalsjef, ingeniøroppgåver og prosjektleiaransvar. Det seier seg sjølv at det kan bli for mykje, forklarer Juul.

 Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her