HEIDRA: Dagleg leiar ved Frisk & Rask treningssenter, Gunn Bastlien, blei overrekt Bulystprisen frå Sauda Vekst-sjefen, Inge Løyning, under næringslivsbedrifta si generalforsamling torsdag kveld. (Foto: Privat)
HEIDRA: Dagleg leiar ved Frisk & Rask treningssenter, Gunn Bastlien, blei overrekt Bulystprisen frå Sauda Vekst-sjefen, Inge Løyning, under næringslivsbedrifta si generalforsamling torsdag kveld. (Foto: Privat)

Tildelt Bulystprisen

Frisk & Rask treningssenter får ros for sitt arbeid for gjera det attraktivt å bu i Sauda.

– Veldig kjekt å bli sett pris på. Me får skryt for å driva eit godt og sosialt tilbod til innbyggarane våre, noko som nettopp er ein av visjonane våre, seier Gunn Bastlien.

Då Sauda Vekst hadde si årlege generalforsamling torsdag kveld blei Frisk & Rask treningssenter heidra med å bli tildelt den nye prisen; Bulystprisen for 2013. Dagleg leiar i Sauda Vekst, Inge Løyning, fortel at næringslivsselskapet seks gonger tidlegare har delt ut prisar til lokale bedrifter. Medan prisen før har hatt namnet ”Årets Sauda Vekst-bedrift” og ”Årets Sauda-bedrift” blei namnet i år endra til ”Bulystprisen”.

– Kriteria som ligg i ”Årets Sauda-bedrift”-regelverket er gjerne meir knytt til innovasjon og inntening. I år synest me det var vanskeleg å velga, og ettersom Sauda nå har eit bulyst-prosjekt, passa det godt med ein bulystpris, forklarer Løyning.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her