I dag, tysdag, diskuterte opplæringsutvalet i Rogaland fylkeskommune om ein skal søka landslinjestatus for Sauda vidaregåande skule sitt Topp Volley Norge-tilbod.
– Vedtaket var einstemmig, opplyser saudapolitikar Laura Seltveit, som er eit av Arbeidarpartiet sine fire medlemmer i utvalet.
Medan det i innstillinga frå fylkesrådmannen låg inne eit ønske om landslinjestatus frå og med 2016 og at skuletilbodet skulle gjelda studiespesialiserande, blei dei femten medlemmane i opplæringsutvalet einge om eit fellesforslag med to endringar.
– Me meiner alt ligg til rette for at ein kan starta opp alt i 2015, og me ønsker at elevane også kan velga yrkesfag, forklarer Seltveit.
Saka skal opp til ei endeleg avgjerd i fylkestinget 17. og 18. juni.
Les meir i papirutgåva tysdag i neste veke.