*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
VIL BYGGA: Eksteparet May og Geir Baardsen i Leabøen AS må forhandla med fylkeskommunen om leigekontrakten. Bak står Inge Løyning (Sauda Vekst), Nils Petter Sand (Sauda vidaregåande skule) og ordførar Frode Sulen. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Fekk hybelprosjektet i retur

Fylkesutvalet meiner det er for ”risky business” å låsa seg til ein 25-årsavtale

– Det er uvanleg å inngå så lange leigekontaktar. Det vanlege i det offentlege er ti år, seier høgrepolitikar Bjørn Sæstad, som fremma det alternative forslaget på vegner av Høgre, Kristeleg Folkeparti, Framstegspartiet og uavhengige Helge S. Larsen.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet sine representantar stemte for innstillinga.

Fylkesutvalet i Rogaland fylkeskommune skulle tysdag behandla saka ”Hybelbygg i Sauda – inngåelse av leiekontrakt med privat utbygger”. Prosjektet, som er eit samarbeid mellom den private utbyggaren Leabøen AS, Sauda kommune og Rogaland fylkeskommune, er sett i gang for å betra hybelsituasjonen for elevar ved den vidaregåande skulen. Eit krav i samarbeidet er at fylkeskommunen inngår ein forpliktande, langsiktig leigekontrakt med utbyggarselskapet. Leigeperioden er sett til 25 år, med mulighet for å kunna trekka seg frå avtalen etter visse vilkår etter minst ti år.

Vararordførar i Sauda og fylkespolitikar Laura Seltveit er djupt skuffa over avgjerda.

– Det er ein minimal risiko for fylket i denne saka. Her har me eit positivt privat-offentleg samarbeid, med gode løysingar for alle. Eg er skuffa, innrømmer ho.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her