– Det starta med ein straumstans i nettet, noko som skaper konsekvensar hos oss. Reinseanlegga stoppa opp, varmen gjekk rett i filteret og der tok det fyr, seier informasjonsdirektør Bernt Jarle Dolmen.
Hendinga skal ha skjedd i 20-tida, og førte til stor røykutvikling. Brannvesenet rykka ut til Eramet.
Ifølge Dolmen skal brannen ikkje ha ført til personskader eller store skader på smelteverket sitt utstyr.
– Me får neppe ein langvarig stans. Me håper me kjem i gang igjen i løpet av kvelden i dag, fredag, seier han.