To ny bustadfelt er under planlegging i Saudasjøen. På området Teien, til høgre for bustadfeltet Grønsdal, over tunnelen, er ønsket å bygga 15-20 nye bueiningar. Lenger bak, i Fløgstadåsen, ser utbyggarane føre seg mellom 40 og 50 nye bustader. Med opptil 70 nye bustader i området er tilkomst via bilveg og gang- og sykkelveg ei ekstra utfordring.
Onsdag i sist veke var formannskapet på synfaring i områda. Både utbygging av eksisterande veg gjennom grønsdalsfeltet og å eventuelt legga ein ny veg frå Amdasvegen og langs hol 1 på golfbanen blei diskutert. Politikarane snakka også om det er muleg å bygga veg opp til Teien-feltet frå ”saudasida” av tunnelen.
– Det er ikkje tatt standpunkt. Her gjenstår ennå mykje arbeid og planlegging, seier ordførar Frode Sulen.
– Me ønsker heilt klart å bruka vegen gjennom Grønsdal. Og me er gladeleg med på eit spleiselag med kommunen og Teien for å utbetra vegen gjennom Grøndsal med gang- og sykkelsti, seier Dagfinn Birkeland
Firmaet hans, D-S Eiendom AS, jobbar med reguleringsplan for bustader og fritidsbustader i Fløgstadåsen. Han håpar at partane blir einige om ei vegløysing i god tid før byggetrinn 2 startar. Birkeland har ikkje tru på at det å gå om Amdalsvegen blir ei betre og billegare løysing.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her