– Eg hadde ein draum om å bli norgesmeister og å setta ny løyperekord. At eg klarte det er heilt fantastisk, seier Stian Hovind-Angermund. Løparen frå Varegg Fleridrett kom i mål på Hovlandsnuten på tida 37.38.1. Dermed slo han kenyanske John Sompol sin fire år gamle løyperekord med 35 sekund. Raskast opp av damene var langrennsløparen Heidi Weng. Vinnartida hennar var på 43.30.4 – fire fattige sekund frå hennar eigen løyperekord frå løpet i
fjor. Heile 300 løparar deltok i konkurranseklassen i årets Hovlandsnuten Opp, som i år var NM i motbakkeløp. 870 trimmarar tok også turen opp til den 931 meter høge nuten. Det blei kåra ei rekke norgesmeistrar i dag, laurdag. To av desse var frå Sauda. Ingunn Svandal og Ingeborg F. Saua blei begge norgesmeistrar i sine respektive bedriftsklassar. Les meir i papirutgåva tysdag.