Lekkasjen skjedde eit nedgrove vassrøyr i Svandalskrysset søndag kveld. Foto: Ingvil Bakka.
Lekkasjen skjedde eit nedgrove vassrøyr i Svandalskrysset søndag kveld. Foto: Ingvil Bakka.

Vassmangel i Saudasjøen

Ein omfattande lekkasje i eit vassrøyr i svingen opp mot Saua Gard i Saudasjøen gjer at dei fleste bebuarane ovanfor og utanfor er utan vatn.

– Abonnentar heil opp til Lingvollsmyra, ut til Borvik og sjølvsagt området omkring Saua Gard og Sandvikåsen er råka av denne lekkasjen. Det er keisamt for abonnentane når dette skjer, og me jobbar for å reparere skaden, opplyser Kjell Arne Granberg ved Sauda Vannverk.
Han håper at dei er klare til å opne for vatnet igjen innan kvelden, men kan ikkje seie noko sikkert.
– Det er ein lekkasje på 30 liter i sekunder, og i dette området er det fleire pumpestasjonar oppover, så det tek ekstra tid å få starta opp og reinska ut luft og grums her, fortel han.

Når det gjeld grums, vil Granberg informere om at ein skal rekne med at vatnet ikkje er heilt reint med ein gong det kjem att.
– Me gjer kva me kan for å reinske ut før me opnar heilt, men det vil vere litt brunt i starten, og fullt i luft. Eg vil anbefale å opne vatnet på den lågaste plassen i huset først for å hindre sand å kome inn i systemet, seier Kjell Arne Granberg.

Vanessa Venema ved Sauda kommune anbefalar i tillegg å reinske filteret i vasskraner når vannet kjem att, forhåpentlegvis i løpet av ettermiddagen.

Det er sett opp ein vasspost ved Risvoll Skule, der det óg er nokre vassdunkar til dei brukarane som ikkje har det sjølv. Skulle ein ligge heime med brekt bein og ikkje greie å kome seg dit ned, kan vatn fraktast ut til dei tørste.