Opnar for dispensasjon

Positive til tre etasjar og flatt tak.

Albin Eiendom AS ønsker å riva eit eldre bustadhus i krysset mellom Rådhusgata og Bøgata og setta opp eit nytt bygg med seks leiligheter. Eigaren ønsker ein bygning med tre etasjar, garasjeanlegg i kjellaren og flatt tak. Saka var oppe i formannskapet onsdag.

Rådmannen føreslo å følga reguleringsplanen for området og med det kreva at bygget blir bygt med to etasjar og saltak. Fleire av politikarane viste til Michael Fuller-Gee sitt føredrag om sentrumsutvikling, og ein kort debatt enda med at eit einstemmig formannskap vedtok å vera positive til at huseigaren kan få dispensasjon frå reguleringsplanen, slik at han kan bygga tre etasjar – med flatt tak.