*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
I HARDT VÊR: Eit innlegg som framstegspartipolitikar Jan Birger Eide posta på Facebook i førre veke har skapt sterke reaksjonar hos ein del saudabuar. Eide fortel at han trudde artikkelen var henta frå ei vanleg nyheitsside, men det viste seg at sida kommunestyrerepresentanten linka til mellom anna har eit rasistisk og antisemittisk bodskap. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Fleire listetoppar vurderer å gi seg

Og enkelte fryktar at partiet deira ikkje klarer å stille liste i det heile tatt.

Medan lokalpartia til Arbeidarpartiet og Høgre jaktar på ordførarkandidatar i Sauda, veit fire av dei andre partia ikkje om dei har kandidatar nok til å lage ei liste.

– Me slit med å få på plass eit nytt styre. Får me det til under årsmøtet i neste veke, startar me arbeidet med å leita etter listekandidatar då. Får me ikkje på plass eit styre, må me vurdera å legga ned lokalpartiet, seier Jan Birger Eide, Framstegspartiet sin eine kommunestyrerepresentant i Sauda.

Eide har signalisert at han ikkje stiller til gjenval neste år.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.