Janne Hindrumsen slutta i fast stilling i Sauda kommune for å starta som sjølvstendig næringsdrivande i firmaet Bunadservice AS. Nettbutikken er straks klar, salsutstillinga i lokala til Ryfylke Mat på Teig er klar.
17. mai 2012 bestemte Janne Hindrumsen seg. Som så mange tidlegare år, var óg denne nasjonaldagen i Sauda ein regnfull og hustrig dag. Hindrumsen, som svært gjerne tar på seg bunaden på ein slik festdag, leid nok ein gong i bunadsko som gav gnagsår og blå negler, som var kalde og våte på grasplenen ved Musikkpaviljongen og som var vonde å gå i. Ho hadde lenge leita etter meir eigna finsko, men marknaden tilbaud ikkje slike.
Så Janne Hindrumsen bestemte seg for å designa eigne bunadsko. Sko i mjukt kalveskinn, med ein solid sole og med spenne. Sko ho såg det er behov for, og som ho følgeleg har sett i produksjon.
– Skoa er min «baby». Det gleder meg at óg andre kan få gode sko å gå i til bunaden – og at dei då kanskje tek bunaden fram att. Eg veit det heng mange bunadar i klesskap rundt omkring, seier gründeren om hovudproduktet i bedrifta si.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her