Grytidleg måndag morgon tikka meldinga inn på telefonen til Laila Ø. Herheim: Handel og Kontor Norge (HK) og NHO var einige om eit forhandlingsresultat. Dermed kunne Herheim og kollegaene hennar ved Øyra Bakeri som hadde vore i streik 4. september, gå tilbake til arbeidet same føremiddagen. Det same kunne sjølvsagt óg dei andre HK-medlemane som hadde vore i streik, gjera.
– Veldig kjekt å vakna til ei slik melding, det var ein god morgon. «Tenk å få bytta ut streikevesten med kjortelen att», tenkte eg, fortel Herheim, som får einige nikk frå Grete Vik og Synnøve Sunde når ho gir uttrykk for at akkurat det å vera i streik var «pyton».
– Men det var verdt det, konstaterer ho når ho les forhandlingsresultatet HK og NHO legg fram.
Geir Løland, regionsekretær i Handel og Kontor Norge, er denne måndagsføremiddagen i Sauda for å fortella sine medlemar om forhandlingsløysinga og dela deira glede over at streiken er over.
– NHO har langt på veg gått med på våre krav, konstaterer han.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her