– Me må jo ha noko for ungdommen, det er viktig, konstaterer Glenn-André Risvold.
Risvold og Johannes Frøystad vil begge vera crew under Sauda Gathering, og har fått i oppgåve å vera talspersonar for å samla deltakarar til datatreffet i Saudahallen i byrjinga av oktober. Dette treffet har vorte ein tradisjon for spel- og dataglade ungdommar i vinterferieveka for skulane. Risvold går på sitt sjette år som crew, Frøystad sitt andre.
Risvold opplyser at det er eit lite generasjonsskifte i staben bak datasamlinga. Dei som har stilt opp gjennom 12-13 år byrjar å verta opptekne med andre ting og nye kjem til. I år vil rundt 25 crew trå til for at alt skal gi knirkefritt desse dagane og nettene. Frøystad har i så måte eit håp om å få ungdommar ned i ungdomsskulealder med på laget, då desse vil kunna bidra i fleire år før dei dreg ut for å studera.
Eit nytt element elles i samlingar som dette er innslaget av gaming – det vil seia konkurransar deltakarane imellom. Frøystad fortel her om store konkurransar med premiar i millionklassen spreier om seg.
Slike premiesummar vert det neppe tale om i Saudahallen, men ulike konkurransar skal det like fullt vera, og ulike underhaldningsinnslag. Pluss, sjølvsagt, open kiosk der deltakarane kan handla brusen og snacksen dei treng for å halda koken foran dataskjermane frå laurdagen til onsdagen.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her