Astrid Gramstad er den første ergoterapeuten som disputerer frå ergoterapiutdanninga ved universitetet i Tromsø.

FØREGANGSKVINNE I ERGOTERAPI: Saudabuen Astrid Gramstad, som bur i Tromsø, forsvarer fredag doktorgradavhandlinga si; ” Å få og ta i bruk eit teknisk hjelpemiddel – ei gåtefull reise. Ei kvalitativ undersøking av heimebuande eldre sine erfaringar”. (Foto: Bjørn Kåre Iversen, Universitetet i Tromsø)

Tar doktorgrad om tekniske hjelpemidlar

Astrid Gramstad er den første ergoterapeuten som disputerer frå ergoterapiutdanninga ved universitetet i Tromsø.

av Ingvil Bakka

– Eg var meir nervøs i sist veke. Det har vore mykje hard jobbing og det handlar om å vera best muleg førebudd. Eg trur det skal gå ganske greitt på fredag, seier Astrid Gramstad.

Komande fredag disputerer 37-åringen for doktorgrad i helsevitenskap og vil då forsvara avhandlinga si: ”Å få og ta i bruk eit teknisk hjelpemiddel – ei gåtefull reise. Ei kvalitativ undersøking av heimebuande eldre sine erfaringar”.

Gramstad vil først halda ei såkalla prøveforelesning på ein time, før ho går laus på å forsvara sjølve doktorgradavhandlinga si i tre timar. Disputasen er open for alle interesserte.

– Ettersom eg er den første ergoterapeuten her som disputerer for ei doktorgrad vil det nok vera fleire, både studentar og førelesarar, frå ergoterapiutdanninga og andre i fagmiljøet til stades. Elles reknar eg med at familie og venner kjem, seier Gramstad.

Astrid Gramstad har i sitt arbeid med doktorgraden gjort sine undersøkingar blant heimebuande eldre i Troms fylke, både i byområde og på mindre stader.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her