– Eg er med for andre gong. Eg synest det er veldig kjekt fordi det gir meg ein god følelse av å hjelpa andre, seier Henning Væge Johansen.
Saman med den åtte år gamle søstera sin, Eva Væge Johansen, var han bøsseberar under sundagens tv-aksjon. Søskenparet, som begge har vore bøsseberarar før, gjekk rute i Sandvikdalen.
Operativ leiar for kommunekomiteen i Sauda, Mari Austarheim, fortel at ho hadde rundt hundre bøsseberarar i sving denne aksjonssundagen.
Totalt kom det inn 186 356 kroner og 50 øre på bøssene. I tillegg har Eramet gitt 25 000 kroner og Sauda kommmune 5 000 kroner. Dette betyr at det samla resultatet landa på vel 216 000 kroner, godt over 10 000 kroner meir enn i fjor.
– Alt gjekk på skinner. Me er veldig takknemmelege for alle som stilte opp og alle som støtta aksjonen, seier Austarheim.
Saudabuen gav med dette i snitt 57 kroner og 84 øre til tv-aksjonen. Det gir bygda ein 19. plass blant Rogaland sine 26 kommunar og ein 131. plass blant alle dei 429 norske kommunane.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her