*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
SNART CUP: Roy Nordhagen (til venstre) og Are Odland er klare til årets store happening i Saudahallen; Salems-Cupen. (Foto: Ingvil Bakka)

Tolv freestyle-triksarar i verdsklassen til Sauda

Salems-Cupen tar trikseunderhaldninga si til eit skyhøgt nivå.

– Dette er første gong det blir laga til ein slik konkurranse i Norge. Anders ”Azun” Solum har snakka om dette i årevis. Då me sa at me ville prøva å få det til i Sauda var han ikkje vond å be, seier Roy Nordhagen, primus motor for pinsemenigheten Salem sitt årlege ungdomsarrangement, Salems-Cupen.

Til helga kjem dermed tolv freestyle-triksarar til Sauda for å delta i Sauda Challenge – ein ny, internasjonal konkurranse i fotballtriksing. Åtte av dei skal konkurrera, fire av dei skal vera dommarar. Blant deltakarane og dommarane finn me fotballtriksarar heilt i verdstoppen i freestyle-triksing. Mangeårig salemscup-venn Anders ”Azun” Solem er hovuddommar.

– Eg gledar meg veldig. Eg har plukka ut dei beste av dei beste. Ni nasjonar er med. Eg håpar at dette kan bli ein årleg konkurranse – ein konkurranse som me gjerne kan utvida med fleire deltakarar neste år, seier Anders ”Azun” Solum blidt.

Han utfordrar nå nasjonale tv-stasjonar til å dekka Sauda Challenge.

– Dette er faktisk så stort at VG og Dagbladet burde vore i Sauda. Freestyle-fotball-triksing er større på landsbasis enn langrenn, påpeikar han.

32-åringen, som har bidratt med triksekunstar under Salems-Cupen sju gonger sidan 2007, liker seg i Sauda.

– Eg bur i Oslo, og der er folk for godt van med underhaldningstilbod. Eg synest det er kjekkare å komma til ein mindre plass der folk er langt meir entusiastiske og imøtekommande. Eg har eit godt samarbeid med Roy Nordhagen og han er mykje av grunnen til at eg liker å komma til Sauda. Salems-Cupen er blitt ein fin tradisjon, seier Solum.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her