Ein hytteeigar på Breiborg har tidlegare fått avslag på søknaden om å setta opp ei flaggstong på hyttetomta si. Onsdag i sist veke behandla formannskapet klagen hans. Etter forslag frå rådmannen og administrasjonen bestemte politikarane seg for å fjerna paragraf 11 i reguleringsplanen i området, slik at ein i praksis opnar opp for at alle hytteeigarane på Breiborg får ha flaggstong, om dei vil det. Vedtaket skal sendast til fylkesmannen. Blir vedtaket godtatt får hytteigaren som klaga endeleg flaggstanga si. Set fylkesmannen derimot foten ned, må saka på nytt opp til politisk behandling i Sauda kommune.
Vil heisa flagget
Klaga på flaggstong-avslag.