Onsdag diskuterte kommunestyret adressenamnet på bustadblokkene i sjøkanten ved Øgreid.
Dette er ei sak som går tilbake til mars 2010, då kommunestyret vedtok skrivemåten Øgreid Brygge, tråd med ønsket frå dei som bur der. Statens kartverk klaga på dette vedtaket, og saka har sidan gått att og fram mellom kommunen og klagenemnda.. Ut frå ønsket frå bebuarane om å bruka nemninga brygge medan det tradisjonelle namnet i Sauda er kai, har klagenemnda vedteke at skrivemåten skal vera Øgreidbrygga eller Øgreidkaien. Eli-Jorun Tangeraas frå Sosialistisk Venstreparti la fram forslag om at namnet skal vera Øgreidkaien, og viste til at ordet ”kai” er meir brukt i Sauda enn ”brygge”. Forslaget blei vedtatt mot dei fem stemmene til Sjur Hatlen, Kathrine Skorpe, Knut Atle Seim (alle Høgre), Egil Bakke og Laura Seltveit frå Arbeidarpartiet.