Søker millionstøtte

Till Folkets Hus.

Som eit ledd i arbeidet med å finansiera renoveringa av Folkets Hus, som etter planen skal bli Saudas nye kulturhus, har Sauda kommune søkt Norsk Kulturminnefond om 1 510 000 kroner i støtte til prosjektet. I eit brev til Sauda kommune stadfestar underdirektør i kulturminnefondet, Eli Heirung, at dei har mottatt søknaden frå kommunen. Søknaden skal opp til behandling i Norsk Kulturminnefond sitt styre i byrjnga av april neste år. Heirung informerer elles at Sauda kommune kan venta seg eit svar innan to-tre veker etter vedtaket i styret.