*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
SOLISTAR: Sauda Barnegospel sjarmerte alle med sine songnummer. Irene Landa og og Brynjar Næss var solistar på ”Julestjerne, stor og fin”. Koret blir leia av Synnøve Valheim Birkeland og Grete Landa. (Foto:Ingvil Bakka)

Song og spelte jula inn

Musikkreftene i Sauda stilte opp for Frelsesarmeen.

– Det er heilt fantastisk at desse lokale musikkreftene kvar jul går saman og har dette som ein tradisjon, seier major i Frelsesarmeen, Thorbjørn Vang.

Julekonserten i Sauda kyrkje sundag ettermiddag samla fullt hus. Faktisk var det så fullt at fleire måtte stå i gangen, medan det også var dei som måtte gå heim igjen. Sjølve konserten er gratis, men i den frivillige kollekten blei det samla inn heile 18 000 kroner til Frelsesarmeen sitt arbeid.

86 år gamle Vang, som har leia Frelsesarmeen sin årlege julekonsert i Sauda i rundt 15 år, har ingen planar om å gi seg. Så langt i år har han hatt 160 arbeidsdagar i Sauda, og han trur ikkje det blir mindre i 2015.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her