Vann igjen

Karslig er «bankers».

Ryfylke skreiv i førre månad om kaldblodstravaren Karslig som det siste året har markert seg på norske travbanar. Hesten, som er eigd av Line og Lars Gusdal frå Sauda, har mellom anna innkassert ei rekke rekke første-, andre- og tredjeplassar. Den siste tida har saudahesten kunna føya til endå fleire sigarar til den alt lange merittlista si. For dryge to veker sidan vann nemleg Karslig torsdagsløpet på Bergen Travbane og i førre veke gjentok superhesten bedrifta, då han nok ein gong sprang inn til siger.

– Det er jo berre heilt fantastisk og utruleg morosamt at han er blitt så god. Karslig er blitt ein hest folk legg merke til og han er ein av «bankersane» når travekspertane skal setta opp tipsa sine før løp, framhevar ein tydeleg fornøgd Lars Gusdal.