Elin Kjellstad
LEIAR FOR TO KONTOR: Elin Kjellstad har i seks og eit halv år leia Nav Suldal. Frå 1. mars overtek ho óg sjefstillinga ved Nav Sauda. (Foto: Arvid Horpestad)

Felles Nav-leiar for Sauda og Suldal

Nav-leiar i Suldal, Elin Kjellstad, tek óg over leiaransvaret for kontoret i heimbygda.

I seks og eit halvt år no har saudakvinna Elin Kjellstad leia Nav-kontoret i Suldal. Frå 1. mars overtek ho óg roret i det tilsvarande kontoret i Sauda.

– Eg gleder meg, konstaterer ho.

– Erik Baust sa opp si leiarstilling ved kontoret i Sauda, og samstundes ville Nav Rogaland prøva ut ein modell med felles leiing av mindre kontor, der det var naturleg ut frå dei lokale forholda. Eg fekk då spørsmål om eg kunne tenka meg ta på meg leiaransvaret i Sauda. Etter å ha tenkt meg om, sa eg at det kunne eg, seier Kjellstad.

Ho presiserer at ein føresetnad for at ho sa ja er at kvart at dei to kontora skal fortsetta som fullverdige Nav-kontor med same breie spekteret av tilbod til brukarare. Frå 1. mars vil Kjellstad dela arbeidstida si likt mellom Sauda og Suldal. Når Kjellstad er eine staden, vil ein stedfordredar med alle fullmakter ha ansvaret den andre staden.

Ein felles leiar for dei to Nav-kontora tyder ei innsparing av ei halv leiarstilling. Men kontora skal framleis rå over dei same budsjettressursane.

Den nye fellessjefen for dei to Nav-kontora opplyser at samanslåinga av leiarstillingane er eit forsøksprosjekt på 12 månader.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her