– Det er ein konkret butikk som står på vår liste over butikkar me har føreslått for Konkurransetilsynet å selga, men me går ikkje ut med informasjon om kva slags butikkar det gjeld. Dette fordi butikklista er eit forslag og ikkje ei endeleg liste, seier kommunikasjonsdirektør i Coop Norge, Kristin Paus.
Coop ønsker å kjøpa Ica Norge, som i dag har rundt 550 norske butikkar. Eit slikt oppkjøp vil, ifølge Konkurransetilsynet, kunna føra til avgrensingar i konkurransen i ei rekke lokalsamfunn og bidra til å svekka den nasjonale daglegvarekonkurransen. Tilsynet har derfor bedt Coop om å føreslå tiltak som kan bidra til å oppretthalda rettferdig konkurranse knytt til daglegvarehandelen i Norge. Coop har nyleg presentert eit forslag der dei tilbyr seg å selga til saman 103 butikkar i 102 område der dei i dag er etablert.
På lista står også Sauda, der forslaget er å selga ein butikk. Coop har i dag to butikkar i Sauda; Coop Extra ved sentrum og Coop Marked i Saudasjøen. Dersom konsernet får godkjent Ica-oppkjøpet vil dei også eiga Rimi-butikken. Dermed er alle desse tre butikkane i fare for å bli selt om Konkuransetilsynet godtar salsforslaga til Coop.
Etter det Ryfylke har grunn til å tru er det mest sannsynleg at dei større og meir robuste Rimi- og Coop Extra-butikkane er mest utsett for sal. Men, kva som eventuelt vil skje med den vesle Coop Marked-butikken i Saudasjøen er også uvisst. Kommunikasjonsdirektør i Coop Norge, Kristin Paus, vil ikkje spekulera i kva som kan bli framtida for dei tre butikkane i Sauda.
– Sal av éin butikk i Sauda er førebels bare eit forslag frå oss. Om me eventuelt må selga endå fleire butikkar i Sauda vil vera opp til Konkuransetilsynet, seier Paus.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her