Nils Kristen Herheim
FØREBYGGING: Etter fleire år med arbeid for gi dei etablerte, tungt belasta rusmisbrukarane i bygda ein betre kvardag, etablerer Nav no teamet «Tett oppfølging». Nils Kristen Herheim og kollegane hans i dette teamet får no haldningsskapande og rusførebyggande arbeid blant unge som ei vesentleg oppgåve. Også aktivitetar retta mot dei vaksne er under planlegging. (Foto: Arvid Horpestad)

Skiftar fokus i rusarbeidet

Nav-teamet vil no setta kreftene inn på rusførebyggande arbeid.

Rusarbeidet i Sauda er i endring. Eit ROP-team (rus og psykiatri), sett saman av folk frå Psykisk helse i kommunen og tre personar som inntil no arbeidde innan rusomsorga i Nav, vil i løpet av våren samlokalisera seg i Helsesenteret. Stillinga som einingsleiar for dette teamet er under utlysing. I Nav organiserer dei gjenverande tilsette innan rusomsorga seg i teamet «Tett oppfølging». Dette temaet skal arbeida med mellom anna rusførebyggande og haldningsskapande tiltak mot unge.

– Ja, førebyggande og haldningsskapande heilt ned på ungdomsskuletrinnet, seier Nils Kristen Herheim, som er ein del av dette teamet.

Herheim forklarer at då han byrja i rusteamet i Nav for seks år sidan stod førebyggande arbeid ikkje på dagsordenen. Alle ressursane vart då sett inn på å hjelpa dei tunge, etablerte misbrukarane til eit betre liv.

Å få i stand ein tovegskommunikasjon med ungdommen sjølv ser Nils Kristen Herheim som sentralt for «Tett oppfølging»-teamet.

– Dette for å skapa litt rørsle i ungdomsmiljøet – få dei til å snakka seg imellom om haldningane til rus og det å ta vare på på kvarandre og seia frå om dei ser at nokon har problem. Ungdommane må oppleva at me vil dei vel, at me gjer dette fordi me bryr oss, legg Herheim vekt på.

Han legg óg vekt på at det å gi ungdommen gode haldningar mot rus ikkje er noko «Tett oppfølging»-teamet kan klara åleine. I så måte nemner han skular, helsevesen, barnevern og politi mellom dei han ser som naturlege samarbeidspartnarar.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her