Inger Beate Sandengen og Kaymar Ghajarzadeh
I ARBEID: I førre veke byrja Kaymar Ghajarzadeh som tilsynslege ved Høllandstunet. Frå før har han tilsvarande stillingar ved Åbøtunet og Sauda distriktsmedisinske senter. Einingsleiar ved Åbøtunet, Inger Beate Sandengen, fortel om gode erfaringar med tilsynslege-ordninga, eit tilbod som kjem i tillegg til fastlegane dei aktuelle bebuarane og pasientane har frå før. (Foto: Arvid Horpestad)

Styrka legetilbod til dei eldre

No har også dei som bur på Høllandstunet fått tilsynslege.

Dokter Kaymar Ghajarzadeh byrja i førre veke som tilsynslege ved Høllandstunet, der han har ei 20 prosent-stilling. Frå før arbeider han 20 prosent ved Åbøtunet, der han byrja i oktober i fjor, og 60 prosent ved Sauda distriktsmedisinske senter.

Som tilsynslege besøker Kaymar Ghajarzadeh dei som bur på Høllandstunet og Åbøtunet ein dag i veka. Han kan óg kontaktast elles i veka for å gi ei vurdering av helsetilstanden til bebuarane.

– Til no synest bebuarane å vera fornøgde, og ordninga verkar å fungera bra, kommenterer tilsynslegen.

Ghajarzadeh forklarer korleis han som tilsynslege får høve til å gjera seg kjent med pasientane og følga dei opp over tid. Slik kan han óg følga med på korleis helsetilstanden deira utviklar seg.

Einingsleiar ved Åbøtunet, Inger Beate Sandengen, fortel at erfaringane frå Åbøtunet var så gode at helseleiinga på eit evalueringsmøte i januar bestemte at også Høllandstunet skulle ta del i ordninga med tilsynslege.

– Ein ekstraservice, på ein måte, til bebuarane. Alle bebuarane beheld sin eigen fastlege, tilsynslegen kjem som ei kvalitetsheving i tillegg. Me såg at behovet var der. Bebuarane vert eldre og med eit meir samansett sjukdomsbilete, seier Sandengen.

– Veldig positivt. Eit svært godt tilbod som hevar kvaliteten på våre tenester til bebuarane, seier einingsleiar Wenche Hoftun ved Høllandstunet om at Kaymar Ghajarzadeh i førre veke byrja i stillinga som tilsynslege ved bufellesskapet.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her