Pasienttransport, Jarle Kvaløy
SJÅFØR: Pasientreiser Helse Fonna har engasjert Sauda Taxi til å køyra dagbil på vekedagane mellom Sauda og Haugesund i to år. Jarle Kvaløy er fast sjåfør av denne bilen.(Foto: Arvid Horpestad)

Køyrer kvar dag til sjukehuset

Saudabuane som skal til sjukehuset i Haugesund har no fått lokal dagbil på vekedagane.

– Ja, frå nyttår har me køyrt dagbil kvar vekedag frå Sauda, stadfestar Jarle Kvaløy ved Sauda Taxi.

Kvaløy er fast sjåfør for saudabuane som har rekvisisjon på at dei treng transport til sjukehus eller legespesialist i Haugesund.

Dagbilsjåføren fortel om ein transport med lite omkøyring. Pasientreiser Helse Fonna bestiller mange tilbringarbilar slik at pasientane ikkje treng å vera engstelege for at dei må køyra omveg om til dømes Etne eller Bjoa.

Kvaløy opplyser vidare at han ved behov har høve til å møta ein annan taxi i Ølen som fortset vidare til Haugesund medan han sjølv returnerer til Sauda for å henta nye pasientar som treng skyss. Dette for at dei skal sleppa å venta lenger enn høgst nødvendig på sjukehuset om dei har fått timeavtale litt utpå dagen.

Ordninga med tilbringarbilar og ei mest mogleg direkte køyrerute gjer at Jarle Kvaløy reknar ei reisetid på vanlegvis rundt to timar frå Sauda til sjukehuset i Haugesund. Han køyrer då fast frå Sauda tidleg om morgonen. «Vanlegvis» er eit ord han også bruker når han forklarer korleis ordninga med dagbil fungerer, då han tek atterhald om at ting kan skje som krev at planen for dagen må justerast.

– Men i 90 prosent av dagane fungerer ordninga slik eg har forklart det her. Eg har inntrykk av at Pasientreiser Helse Fonna har fokus på at pasientane i størst mogleg grad skal sleppa venting og omkøyring. Eg har óg inntrykk av at pasientane synest ordninga fungerer bra, legg dagbilsjåføren til.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her