*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
INFORMERTE: Rådmann Wictor Juul innrømmer at Sauda kommune ikkje har vore gode nok på øknonomistyring etter at to kommunale byggeprosjekt blei nær sju millionar kroner dyrare enn budsjettert. Ungdomsskulen (biletet) kosta 3,3 millionar kroner meir enn tenkt, medan budsjettsprekken var på 3,5 millionar kroner for arbeida i Bøgata. (Foto: Ingvil Bakka)

Sjokkmelding frå rådmannen

Nær sju millionar kroner i overskridingar i kommunale byggeprosjekt.

– Dette viser heilt klart at me ikkje har hatt gode nok rutinar på økonomistyring, sa rådmann Wictor Juul då han onsdag informerte formannskapet om store overskridingar i to kommunale byggeprosjekt.

Rivinga av ”blåbygget”, bygginga av den nye fløyen og utearbeidet ved Sauda ungdomsskule skulle etter planen ha kosta 67 millionar kroner, men landa til slutt på over 70 millionar kroner. Overforbruket var med andre ord på heile på 3 380 000 kroner.

– Dette er altfor mykje og er sjølvsagt ikkje bra, konstaterer Juul.

Også i Bøgata blei utgiftene betydeleg større enn planlagt. Arbeidet med å bygga nytt og renovera og endra rom inne var budsjettert til åtte millionar kroner. Eit overforbruk på heile 3,5 millionar kroner gjorde derimot at prosjektet kosta kommunen over elleve millionar kroner.

– Begge budsjettspekkene er alvorlege, men det er spesielt ille med overforbruket i Bøgata. Der kan nok det at me ikkje har hatt ei kontinuerleg prosjektleiing vera noko av forklaringa, trur rådmannen.

Politikarane i formannskapet fekk hakeslepp over dei store og for dei, uventa overskridingane i prosjekta dei har løyva pengar til dei siste åra.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her