*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
RIKSVEG: Riksveg 13 gjennom Suldal må av og til stengast på grunn av steinras, som dette biletet, tatt i august 2012, viser. Høgres Ivar Tangeraas meiner slike hendingar er eit viktig argument for å flytta riksvegstatusen inn til Sauda. (Arkivfoto: Ryfylketipsar).

Vil ha riksveg 13 gjennom Sauda

Saudapolitikarane meiner dei har vore snille nok med Suldal. Nå vil dei flytta på riksvegen.

– Det tøffaste vedtaket me har gjort så langt i år, konstaterte Høgres Ivar Tangeraas då formannskapet i Sauda diskuterte Regionalplan for areal og transport på Haugalandet i sitt møte sist onsdag.

Politikarane skulle i utgangspunktet vedta Sauda kommune sin uttale til planen, og valde i debatten å legga til fleire avsnitt i innstillinga frå rådmannen. Ordførar Frode Sulen frå Arbeidarpartiet var den første til å ta til orde for å få flytta riksveg 13 innover mot Sauda i debatten i formannskapet.

– Ivar Tangeraas har lenge argumentert for dette og han har nå mi fulle støtte. Eg synest me skal våga å seia at me vil ha riksveg 13 inn til Sauda og dette bør komma fram i vår uttale, sa Sulen.

Suldalsordførar Torkel Myklebust føler seg svikta av Sauda.

– Det er heilt uaktuelt for Suldal å støtta dette. Eg er forundra og svært skuffa over det du fortel meg, seier ordførar i Suldal, Torkjel Myklebust, som i går, måndag, altså ikkje var klar over at saudapolitikarane nå ønsker å ”ta” riksvegstatusen frå suldølene.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her