Prisløna journalist deler sine saudaopplevingar

John Skien har følgt saudasamfunnet som journalist i fleire tiår. Tysdag kåserer han i sogelaget.

– Eg tek med meg litt under armen, lovar John Skien.

Med nemninga «litt» siktar han til dvd-ar. Som uttrykk for kvantum tyder «litt» i denne samanhengen eit nøye utval opptak frå dei 30 åra han dekka Sauda som fjernsynsjournalist for NRK Rogaland. Ei rekke av innslaga hans frå industribygda vart óg sendt på riksnettet. Komande tysdag vil han dela sine historier og fortellarglede med saudabuen på eit møte i regi av sogelaget.

Som pensjonist får han mengder av invitasjonar til å delta på ulike arrangement. Difor seier han óg nei til mange førespurnadar, han viser til at det er ein slik fridom han nå kan ta seg.

Men, han seier ja til det han har lyst til. Og då Aslaug Astad og Roar Lund i Sauda sogelag ymta frampå om han ville ta ein saudatur, trong Skien inga tenketid.

– Eg var ikkje eitt sekund i tvil om å seia ja, konstaterer han.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.