*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
RIKSVEG: Riksveg 13 gjennom Suldal må av og til stengast på grunn av steinras, som dette biletet, tatt i august 2012, viser. Høgres Ivar Tangeraas meiner slike hendingar er eit viktig argument for å flytta riksvegstatusen inn til Sauda. (Arkivfoto: Ryfylketipsar).

Sa ja til riksvegflytting

Eit einstemmig kommunestyre vil jobba for å flytta riksveg 13 frå Suldal til Sauda.

– Arbeidarpartiet vil stemma for innstillinga frå formannskapet, sa Egil Bakke då han opna diskusjonen i kommunestyret i dag, onsdag.

Saka omhandla kommunen sin uttale til regional plan for areal og transportplan på Haugalandet. Formannskapet si innstilling, som innebar eit ønske om å flytta riksveg 13 frå Suldal til Sauda, har skapt sterke reaksjonar i både det politiske miljøet og næringslivet i Suldal.

Med tanke på Arbeidarpartiet sine ni representantar og Høgre sine fire riksvegflyttingsivrige representantar blei det raskt klart at innstillinga frå formannskapet ville få fleirtal.

Bakke ramsa opp ei heil rekke fordelar med å la vegen mellom Sauda og Etne få riksvegstatus.

– Det beste innlegget du, Egil Bakke, har halde nokon gong. Dette var kjempebra, kommenterte Høgres Ivar Tangeraas, som i fleire år har argumentert for ei slik riksvegflytting.

Tangeraas seier til Ryfylke at han er stolt av avgjerda til kommunestyret.

– Dette er det største steget Etneveg-saka har tatt på år og dag. Det som er viktig nå er at me står samla og legg ein plan for løpet vidare. Dette kjem ikkje av seg sjølv, seier han.

Punktet om å flytta riksvegen inn mot Sauda blei til slutt einstemmig vedtatt.

Les meir i papiravisa fredag!