I slutten av førre veke vedtok Kongen i statsråd den nye akuttforskrifta, som stiller nye og strengare krav til dei akuttmedisinske tenestene utanfor sjukehus. Dette inneber kommunal legevakt, ambulanseteneste og medisinsk nødmeldeteneste. Regjeringa har publisert ei pressemelding på sine eigne nettsider der helse- og omsorgsminister Bent Høie forklarer målet med den nye forskrifta.
– Folk skal vere trygge på at dei får god hjelp i akutte situasjonar. Derfor er kvalitet og kompetanse i dei akuttmedisinske tenestene heilt avgjerande, kommenterer han.
Men, nettopp tryggleik er noko av det mange saudabuar har peika på vil forsvinne om den kommunale legevakta blir flytta til Ølen. Det har kommunalsjef helse, Aina Olene Tveit, stor forståing for.
– Det blir lenger reiseveg og det er klart at det er ei stor utfordring. Samstundes er det viktig å understreke at vi vil jobbe for ei ordning som er best muleg og som i tillegg er i tråd med lov og forskrift. Det handlar ikkje bare om dei økonomiske ressursane, men om kva som er muleg å få til. Vi bur i Sauda og det er vanskeleg å rekruttere og behalde legar, framhevar ho.
I april i fjor vedtok fleirtalet av kommunestyrerepresentantane i Sauda at kommunen skal gå inn i eit interkommunalt helsesamarbeid, noko som mellom anna inneber at legevakta for Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord blir lagt til Ølen. Rådmannen hadde i forkant lagt fram fleire alternativ til organisering av den lokale legevakta i framtida. Eitt av desse var å behalde ordninga slik ho er i dag. Det vil i så fall innebere fleire legar og sjukepleiarar og koste sju millionar kroner meir enn den kommunale legevakttenesta gjer i dag, med tanke på at ein må møte nye akuttmedisinske krav. Kostnaden knytt til legevakta vil variere for Sauda kommune for kvart år, mykje grunna variert bruk av vikarar, men i fjor kosta tenesta omlag 1,6 millionar kroner.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her