EINSTEMMIG: Administrasjonsutvalet gjekk i dag inn for å behalde legevakta i Sauda.
EINSTEMMIG: Administrasjonsutvalet gjekk i dag inn for å behalde legevakta i Sauda.

Gjekk inn for lokal legevakt

Arbeidarpartiet gjorde heilomvending i administrasjonsutvalet i dag, onsdag.

I morgon er det nøyaktig eitt år sidan Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre stemte for eit interkommunalt samarbeid som innebar å flytte legevakta til Ølen. Sidan den gong har ein hatt stor fokus på eventuelle avbøtande tiltak.

Rådmann Wictor Juul har råda politikarane til å gå inn for ei legevaktløysing i Ølen før avgjerda skal tas i kommunestyret om to veker.

Men, under dagens møte i adminstrasjonsutvalet, la arbeidarpartipolitikar Asle Rafdal fram eit nytt forslag; behalde dagens legevakt i Sauda.

– Det har komme opp fleire nye moment sidan vedtaket i fjor vår, noko som har gjort at vi har endra vårt synspunkt i saka. Vi har mellom anna sett at akuttforskriften ikkje var så streng som vi hadde frykta. I tillegg ser at det ikkje er muleg å gjennomføre dei fleste av dei avbøtande tiltaka vi sette som føresetnad for ei flytting av legevakta. Vi har registrert motstanden frå innbyggarane, høyringsinstansar og ikkje minst engasjement i form av lesarinnlegg i lokalavisa, forklarte Rafdal.

Arbeidarpartiet legg derfor, saman med Senterpartiet, fram forslag om at Sauda kommune ikkje inngår samarbeidsavtale om felles legevakt i Ølen og at Sauda kommune beheld den lokale legevaktordninga og gjennomfører tiltak og den naudsynte organiseringa for å tilfredstille alle nye forskrifter, konkluderer Asle Rafdal.

Eit einstemmig administrasjonsutval stemte for forslaget.

Formannskapet skal behandle saka litt seinare i dag. Ryfylke kjem tilbake med meir.