Det interkommunale helsesamarbeidet mellom Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord rakna fullstendig i dag, i eit møte mellom dei politiske og administrative leiingane i kommunane.
Sauda sitt tydelege nei til opprettinga av ei felles legevakt i Ølen gjorde at verken Etne eller Vindafjord nå vil gå vidare med på dei resterande punkta i avtalen.
– Det var alt eller ingenting, var ordførarane Ole Johan Vierdal (Vindafjord) og Sigve Sørheim (Etne) einige om.
Men, fleire punkt i det interkommunale helsesamarbeidet er alt iverksett, blant anna med tilsetting av folk i viktige interkommunale stillingar. I Sauda er blant anna ein kreftkoordinator tilsett, og i Etne ein frisklivskoordinator.
Nå er det uvisst kva som skjer med desse stillingane.
Det er også uklart kva som skjer med det interkommunale samarbeidet knytt til miljøretta helsevern.
Les meir i neste papirutgåve av Ryfylke, som kjem ut tysdag 5. mai.