Fleire medie melder torsdag morgon om eit jordskjelv i Suldal, i området mellom Blåsjø og Valle. Skjelvet vart registrert klokka 00.46 og hadde ein styrke på 3.72 på Richters skala. Også innbyggarar i Sauda merka ristinga.
Stavanger Aftenblad på nett siterer Seniorforskar ved Norsar, Conrad Lindholm, på at jordskjelvet vart målt heilt opp til Førde.
Det er så langt ikkje rapportert om skadar etter nattas jordskjelv i Suldal.