– Vi hadde eit ekstraordinært årsmøte i førre veke. Der viste vi den same presentasjonen som Rune Håndlykken la fram for Rogalandsbenken på Stortinget i november i fjor. Etterpå diskuterte vi litt rundt dette og bestemte oss for å gi 200 000 kroner til Nye Folkets Hus, fortel leiar i Sauda Fabrikkarbeiderforening, Helge Handeland.
– Fantastisk kjekt. Vi hadde jo håpa på at dei skulle vere med og bidra, men at dei er med så tungt som nå er svært gledeleg, synest kultursjef i Sauda kommune, Åshild Marie Øverland.
Sauda Fabrikkarbeiderforening understrekar at det økonomiske bidraget dei nå gir til Folkets Hus ikkje er eit resultat av egoisme. Dei ønsker at det det nye kulturhuset skal vere ei storstove for heile lokalsamfunnet.
– Vi er den nest største fagforeininga i Sauda og veit såleis at det er mange hos oss som kjem til å ha glede av Folkets Hus, men det er ikkje i hovudsak derfor vi går inn med pengar, understrekar Helge Handeland.
– Vi vil gi eit bidrag til heile bygda og håpar at dette kan vere med på å legge betre til rette for kulturtilbodet i Sauda, framhevar nestleiar i Sauda Fabrikkarbeiderforening, Kjell Steinar Andersen.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her