FUNNEN DØD: 21 år gamle Vetle Bore blei funnen død i Sauda i 23-tida i går, tysdag. Ifølge politiet er det ikkje mistanke om noko kriminelt. (Foto: Privat, utlevert av politiet)
FUNNEN DØD: 21 år gamle Vetle Bore blei funnen død i Sauda i 23-tida i går, tysdag. Ifølge politiet er det ikkje mistanke om noko kriminelt. (Foto: Privat, utlevert av politiet)

21-åring funne død

Blei funne i Fløgstadåsen.

Tysdag kveld sette politiet i gang ein leiteaksjon i Sauda etter 21 år gamle Vetle Bore. Den unge mannen, som var busett i Fløgstadvegen og elev ved Sauda vidaregåande skule, let sist høyre frå seg måndag, klokka 19.

Like etter klokka 23 tysdag kveld blei den sakna mannen funne omkomme i området ved Fløgstadåsen. Politiet har ikkje mistanke om at det har skjedd noko kriminelt i samband med dødsfallet.