*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
SØV UTE: I fleire veker har dei rumenske «folk er folk”-selgarane overnatta på Musikkpaviljongen. Kommunen vil ha dei vekk, men politiet meiner uteliggarane ikkje gjer noko ulovleg. (Foto: Ingvil Bakka)

Vil ha bort uteliggarane

Sauda kommune liker dårleg at Musikkpaviljongen blir brukt til overnatting. Politiet meiner rumenarane ikkje gjer noko ulovleg.

– Me kan ikkje akseptera at Musikkpaviljongen blir okkupert på denne måten. Det er ein offentleg plass, med leikeplass like ved. Eg meiner at rådmannen bør kontakta politiet og få dei bortvist, sa Høgres Ivar Tangeraas, som tok opp saka under formannskapet sitt møte onsdag i denne veka.

Eit par rumenske selgarar av gatemagasinet ”Folk er folk” har i fleire månader opphalde seg i Sauda. Den siste tida har dei hatt Musikkpaviljongen bak Rådhuset som sin faste base, der dei overnattar ute, men delvis under tak. Uteliggarane sitt nærver har vekka både skepsis og sympati blant saudabuar, også blant den politiske og administrative leiinga i Sauda kommune.

– Eg har alt vore i kontakt med politiet. Dei svarar at dei ikkje har grunnlag for å bortvisa dei så lenge dei ikkje gjer noko ulovleg. Men eg tar gjerne kontakt med politiet igjen, nå som me går inn i ein festivalsesong, med 17. mai og Saudadagar, då området ved Musikkpaviljongen vil vera i offentleg bruk, sa rådmann Wictor Juul.

Venstres Knut Saua lurte på om det kunne vera aktuelt å setta opp fysiske hinder for å gjera det vanskeleg å bruka paviljongen til overnatting, og at ei eventuell nedriving eller hærverk på dette vil kunna gjera det muleg for kommunen å anmelda uteliggarane. Ivar Tangeraas antyda at det gjekk rykte om at rumenarane banka på dører i nabolaget, medan arbeidarpartiets Wenche Hoftun bare hadde høyrt positive ting om høflege og ikkje-masete selgarar.

Lensmann Siri Fisketjøn Indrebø stadfestar at ho har vore i kontakt med både ordførar og rådmann i samband med dei rumenske uteliggarane. Ho karakteriserer saka som vanskeleg.

– Me har ingen registrerte anmeldelsar på karane og det å opphalda seg ute er ikkje ulovleg og straffbart. Dei har full rett til å opphalda seg i det offentlege rom som alle oss andre, forklarer ho.

– Dei er blitt flinke til å rydda etter seg og ryddar også paviljongen når dei vaknar om morgonen. Me har inntrykk av at dei forstår kva som blir forventa av dei og at dei gjer som dei blir bedt om, seier ho.

Les meir i papirutgåva ellre last ned eavis her