Laura Seltveit og sjukehusbygget
GLAD FOR HUSKJØP: At Sauda kommune fekk hand om det tidlegare sjukehusbygget er noko av det dåverande ordførar Laura Seltveit er mest glad for frå si ordførartid. Dei politiske planane om å innreia 12 nye heiltidsplassar for tungt pleietrengande vart lagde vekk, men Seltveit minnar om at bygget i dag mellom anna husar Sauda distriktsmedisinske senter med sine 13 senger.(Foto: Arvid Horpestad)

Fire år sidan sjukehuskjøpet

Den tverrpolitiske gleda var stor då kommunen i 2011 kjøpte det tidlegare sjukehusbygget i Åbøbyen. Kva skjedde etterpå?

I oktober 2011 var det samstemt politisk glede i kommunestyresalen i Rådhuset i Sauda. Eit einstemmig kommunestyre vedtok då å kjøpa det tidlegare sjukehusbygget av Helse Fonna for 4,1 millionar kroner. Langvarige forhandlingar med helseføretaket var med det sluttført. For politikarane var ei viktig drivkraft bak kjøpet å få hand om bygget for å kunna oppretta 12 nye heiltidsplassar for tungt pleietrengande. Dei folkevalde sette då óg av 26,7 millionar kroner, som eit første estimat, til dette føremålet.

No er det snart gått fire år. Kva er status for bygget i dag, og kvifor vart det ikkje noko av dei planlagde 12 nye heiltidsplassane?

Spørsmåla går til Arbeidarpartiets Laura Seltveit. Ho var ordførar då kjøpet vart gjort og er i dag varaordførar.

– At me fekk overta det tidlegare sjukehusbygget er noko av det eg er mest glad for frå mi ordførartid. No har me dette bygget, eit solid bygg for framtida. Det var uansett fornuftig den gongen å kjøpa det, og me fekk etter kvart i hamn ein veldig god avtale med Helse Fonna, seier Seltveit i dag.

Ho konstaterer at det rett nok ikkje har kome 12 nye heiltidsplassar for tungt pleietrengande, og at dei 26,7 millionar kronene som var sett av til dette vart trekt inn då budsjettet for 2013 vart vedteke i kommunestyret i desember 2012.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her