Regjeringspartia har uttalt at dei ønsker å tillate søndagsopne butikkar. Derfor har Kulturdepartementet sendt ut eit høyringsdokument der kommunane skal uttale seg om dei ønsker å endre Helgedagslova, som regulerer søndagsopne butikkar.
Kommunestyret i Sauda sa onsdag eit rungande nei til å tillate søndagsopne butikkar.
– Butikkane i Sauda vil få meirutgifter i form av auka lønsutgifter. Men dei vil ikkje få høgare inntekter viss dei har ope på søndagar, påpekte Høgres Knut Atle Seim.
Dersom innbyggarar i store byar treng å handle på søndagar på grunn av lange køar og mye stress dei seks andre dagane i veka, hadde Seim følgande oppfordring:
– Da er de hjarteleg velkomne til å busette dykk i Sauda! Denne problemstillinga har me ikkje. Her kan familiane saman handle i ro og fred.