Ordførar Frode Sulen fikk æra av å klippa det raude bandet og erklære markeringa for starta. Med seg hadde han ein sjekk på 5 000 kroner som han tildelte organisasjonen, og minna samstundes om at formannskapet tidlegare har overlevert ein sjekk på 15 000 kroner, som skulle gå til kjøp av ny bil.
Dagleg leiar i Sparebankstiftelsen, Sivert Sørnes, hadde med seg ein sjekk på heile 261.000 kroner, som skulle hjelpe til å finansiere ein ny fleirbruksbil. Han har ønska å lære Sauda Røde Kors betre å kjenne, så han inviterte Ingrid Schibevaag, leiar i Sauda Røde Kors, og Asle Iversen i Sauda Røde Kors på eit møte.
– På møtet lærte eg at Sauda Røde Kors driv med mykje frivillig arbeid, noko som treff Sparebankstiftelsen midt i hjarta. Lista over det dei gjer er lang, og eg trur ikkje alle i Sauda veit kor viktig arbeidet deira er for oss, seier Sørnes.
Les meir i papirutgåva fredag.