Kutt i midlane til Sauda Vekst

Det blir nå slutt på at næringslivsselskapet årleg kan dela ut fire-fem millionar kroner til allmennyttige formål i Sauda.

– Dette betyr at Sauda Vekst får ei ny rolle. Organisasjonen åleine vil ikkje lenger kunna gå ut og støtta ulike lokale prosjekt, men blir nå ein rein medlemsorganisasjon som vil jobba for næringslivsbedriftene sine felles interesser, forklarer Bernt Jarle Domen, styreleiar i Sauda Vekst.

Årsaka er at den borgarlege regjeringa nå gjeninnfører avgrensa arbeidsgivaravgift for saudabedrifter. EU, som tidlegare har vore kritisk til Norge si avgrensa arbeidsgivaravgift for utkantkommunar, har nå, ifølge Dolmen, godtatt den norske spesialordninga. Dei siste ti åra har norske styresmakter følgt EU sitt krav om full arbeidsgivaravgift også for utkantkommunar, men har samstundes kompensert lokalsamfunna med såkalla AGA-midlar. Dette er pengar bedriftene har betalt inn i arbeidsgivaravgift, men som altså har blitt tilbakeført. Ikkje til bedriftene, men til allmennyttige formål i lokalsamfunna. Det er Sauda Vekst som har hatt ansvaret med å fordela desse midlane i Sauda.

– Årleg har det vore snakk om fire-fem millionar kroner, opplyser Dolmen.

Sauda står altså på regjeringa si liste over utkantkommunar som nå får tilbake den avgrensa arbeidsgivaravgifta. I praksis betyr dette at Sauda-bedrifter får behalda pengar som dei før måtte betala inn i avgifter til staten, og at delar av denne avgifta ikkje lenger blir tilbakeført til lokalsamfunnet via Sauda Vekst.

Les meir om konsekvensane av kutta i AGA-midlane og reaksjonar frå næringslivet i papirutgåva eller last ned e-avis her.