Det var i januar det blei kjent at Lars Reidar Fosstveit kjøpte ein tredel av Sauda Skisenter. Med seg på eigarsida har han sambuaren Anita Nedrebø og ungane Vetle Halsnes og Sondre Fosstveit.
Det var største aksjonær Aabø Eiendom som selte sin eigarpost på 34,85 prosent av Sauda Skitrekk AS til Fosstveit-familien. Nå har Fosstveit kjøpt seg opp ytterlegare og eig godt over 70 prosent av skisenteret.
– Målet er å kjøpe opp heile skisenteret, seier Lars Reidar Fosstveit.
Han opplyser at han er i dialog med andre aksjonærar. Totalt var det 31 ulike aksjonærar da oppkjøpet starta for eit halvt år sidan.
– Det har gått fort, seier Fosstveit, som har arbeidd som dagleg leiar i Sauda Skisenter i omlag 15 år utan å ha vore på eigarsida.
Sauda Vekst starta ein prosess opp mot eigarane i Sauda Skisenter for tre år sidan. Næringsselskapet ønska å kome inn på eigarsida for å få meir utvikling i skisenteret. Da den største aksjonæren sa seg villig til å selge seg ut, enda det med at Lars Reidar Fosstveit med familien gjekk inn på eigarsida.
Fosstveit opplyser at han har visjonar for vidare utvikling.
– Men det må me kome tilbake til, opplyser Fosstveit.
Les meir om den økonomiske utviklinga til skisenteret i papirutgåva eller last ned e-avis her.