– Det er god kapasitet innan bygg og anlegg regionalt. Me merkar konkurransen, men har god ordrereserve, opplyser dagleg leiar i Brødrene Selvik, Leif Inge Løland.
Nyleg blei 2014-regnskapet til Brødrene Selvik offentleggjort. Entreprenørbedrifta leverte eit driftsresultat på 3,7 millionar kroner og hadde ei omsetning på 67 millionar kroner. Omsetninga er tre millionar kroner lågare enn året før, men 10-20 millionar kroner høgare enn dei tre åra før der igjen.
Driftsresultatet har låge stabilt på tre-fire millionar kroner dei siste fire åra.
– Fjoråret begynte bra. Me hadde godt med oppdrag, men på slutten av året merka me ein nedgang. Det har vore roleg gjennom vinteren, men frå mai i år har det tatt seg opp igjen, opplyser Løland, som tok over som dagleg leiar i Brødrene Selvik for halvanna år sidan.