I vår blei det klart at NCC Roads vann anbodskonkurransen om vedlikehald av fylkesvegar for Indre Ryfylke. Dei fem siste åra er det Risa som har hatt dette oppdraget.
Dette får også konsekvensar for underleverandørane. Risa har hatt Aartun Transport som underleverandør og som har utført brøytinga av fylkesvegar i Sauda. NCC Roads vil bruke AS Forskaling som underleverandør, og som nå vil utføre denne brøytinga.
Daglig leiar i AS Forskaling, Alf Jostein Årtun, er glad for at dei har fått oppdraget.
– For oss betyr dette at me får fleire oppdrag i vinterhalvåret. I entreprenørbransjen er det ein kjent sak at ein driv med raude tal om vinteren, og må hente overskotet frå sommarhalvåret, seier Årtun.
Det er Skånevik maskinstasjon som er underleverandør til NCC Roads, og som igjen har inngått avtale med AS Forskaling.
Dagleg leiar i Aartun Transport, Tor Inge Aartun, opplyser at dei har utført brøytinga av fylkesvegar i Sauda i over 20 år.
– Dette utgjer berre ein del av det bedrifta vår driv med. Me har ingen planar i dag om å redusere talet på tilsette sjølv om me har mista dette oppdraget, seier Aartun.
Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.