*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
POPULÆRT TRENINGSSENTER: Ti prosent av befolkninga som medlemmar er bra for eit treningssenter. Dagleg leiar Gunn Bastlien kan konstatere at 15 prosent av innbyggarane i Sauda er medlem i Frisk & Rask Treningssenter. (Foto: Frank Waal)

Trening gir økonomisk overskot

Det er ikkje bare saudabuen som får overskot av å trene på Frisk & Rask. Treningssenteret får det også.

– Det går eigentleg veldig bra, seier dagleg leiar Gunn Bastlien ved Frisk & Rask Treningssenter.

2014-tala til bedrifta har blitt gjort offentlege og viser at firmaet gjekk i overskot for femte året på rad. Med ei omsetning på 3,1 millionar kroner enda driftsresultatet på 200 000 kroner. Det er ikkje nok til å skape overskrifter i økonomiske tidsskrift, men nok til at eigarane for første gang sidan oppstarten i 2008 kunne ta seg råd til eit utbytte på 70 000 kroner.

Eit moderne treningssenter i ein kommune med 4 700 innbyggarar, som går stabilt i pluss, er ikkje sjølvsagt. Tvert imot. Får ein ti prosent av innbyggarane til å betale medlemsavgift er det bra for eit treningssenter. I Sauda skulle det bli 470 betalandes medlemmar.

– Me ligg stabilt på 700 medlemmar, seier Gunn Bastlien.

Ho opplyser at det var slike tal dei hadde håpa på da dei starta opp i 2008.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.